Advokat dømd for fleire grove heleri

Sist oppdatert 04.06.2012

I ei ØKOKRIM-sak dømde Oslo tingrett 25. mai ein tidlegare advokat til fengsel i tre og ei halvt år for mellom annan medverknad til grove heleri på rundt 17, 5 millionar kroner. Han må også tole inndraging av 113 000 kroner.

Den tidlegare advokaten er dømd for å ha lurt ein sveitsisk bank for ein million USD og assistert med å kvitvaske millionsum for ein klient som er dømd for omfattande bedrageriverksemd på 140 millionar kroner. I tillegg er han dømd for å ha underslått ein betydeleg sum frå ein klient som var i ein sårbar livssituasjon.

I dommen heiter det mellom anna at domfelte ”har hatt et fast forbrytersk forsett over flere år (…) Retten mener det er klart straffeskjerpende at (domfelte) har begått lovovertredelsene i sammenheng med sin advokatvirksomhet, og derved misbrukt den særlige tillit som er gitt og kreves av advokater i rettslivet og i økonomiske forhold”.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Geir Kavlie, tlf 410 24 592.