Advokat dømt for grovt underslag

Sist oppdatert 09.04.2013

I ei ØKOKRIM-sak har lagmannsretten dømt ein tidlegare advokat til fengsel i tre og ei halvt år for omfattande økonomisk kriminalitet på til saman rundt 17,5 millionar kroner. Han må også tole inndraging av 113 000 kroner. Dermed er dommen frå tingretten halde oppe.

Den tidlegare advokaten er dømt for å ha underslått ein betydeleg sum frå ein klient, for å ha lurt ein sveitsisk bank for ein million USD og for å kvitvaske fleire millionar kroner for ein klient som er dømt for bedrageriverksemd på 140 millionar kroner.

Ved straffutmålinga har lagmannsretten i skjerpande retning lagt vekt på at ”forbrytelsene er begått av advokat i forbindelse med advokatvirksomheten hans og at det dreier seg om klientmidler. Han har således misbrukt den tillit som kreves av advokater.” Vidare er det lagt vekt på at det ved bedrageriet er nytta falske underskrifter, at kvitvaskinga skjedde i fleire omgangar og at underslaget av klientmiddel strakk seg over fleire år. 

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Elisabeth Harbo-Lervik, tlf 415 55 909.