Advokat frifunne for heleri

Sist oppdatert 21.10.2014

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett frifunne ein advokat for heleri. Advokaten tok imot pengar til sin konto frå ein eigedomskonsulent i samband med eit hotellsal og overførde pengane i to rundar, men tingretten meiner han ikkje handla med forsett.

Det var i 2007 at advokaten tok imot 2,4 millionar kroner til sin konto frå ein eigedomskonsulent i samband med salet av eit hotell i Sverige. Etter at pengane var komen inn på advokaten sin klientkonto overførde han pengane i to rundar. Oslo tingrett fann at pengane som blei overførd til advokaten sin konto var utbytte av ein straffbar handling, men at det ikkje var ført tilstrekkeleg bevis for at advokaten handla med forsett, og tingretten har no frifunne advokaten.

Advokaten er tidlegare dømt til fengsel på vilkår av tingretten, men dommen blei oppheva på grunn av feil i lovbruken. Seks andre personar, mellom anna ein annan advokat, er så langt dømt i same sakskompleks. ØKOKRIM vil lese dommen nøye og vurdere anke av dommen.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Anne Allum, tlf 415 38 395