• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Advokat tiltalt for fleire grove bedrageri

Sist oppdatert 31.03.2011

ØKOKRIM har tiltalt ein tidlegare advokat for mellom anna medverknad til grove bedrageri på rundt 35 millionar kroner.

Tiltalte skal, som advokat, ha stilt ein skjult konto i Sveits til disposisjon for ein klient som er dømd for bedrageri på til saman 140 millionar kroner.

Den tidlegare advokaten er i tillegg tiltalt for å ha sikra utbytte på fleire millionar kroner frå fleire klientar sine straffbare handlingar, dessutan for falsk forklaring i straffesak, underslag av klientmiddel og skattesvik.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Geir Kavlie, tlf 410 24 592.