• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Anken i Økokrim si «Fjellanlegg» forkasta av Høgsterett

Sist oppdatert 11.06.2009

I den såkalla «Fjellanlegg-sak» blei ein mann i lagmannsretten dømd til fengsel i fire år for grovt bedrageri mot Tromsø kommune. Mannen anka dommen, prinsipalt over saksbehandlinga og lovbruken, subsidiært straffutmålinga. Høgsterett har forkasta anken. Dommen er dermed rettskraftig.

To år av straffa er på vilkår. I tillegg til fengselsstraffa vart mannen for alltid frådømd retten til å drive forretningsverksemd, anten som styreleiar eller som dagleg leiar i eit selskap.

«Fjellanlegg-saka» har sitt utspring i ein avtale Tromsø kommune gjorde i 2001 om å overta eigedelar og gjeld i Trygg Parkering AS – eit aksjeselskap som dreiv eit parkeringsanlegg i fjellet i Tromsø by. Den dømde mannen var styreleiar og i praksis dagleg leiar i selskapet. I samband med overtakinga av Fjellanlegget vart kommunen påverka til å tru at gjelda i selskapet var større enn ho var. Dermed utbetalte kommunen eit for høgt beløp til å dekkje gjelda.

I tillegg til grovt bedrageri for i overkant av 20 millionar kroner vart mannen dømd for grov økonomisk utruskap mot selskapet Trygg Parkering AS, fordi han mellom anna ikkje hadde betalt vederlag for 114 parkeringsplassar. Dommen gjeld dessutan brot på rekneskapslova ved at feilaktige gjeldspostar vart førde opp i rekneskapen. Mannen kravde frådrag i sjølvmeldinga for uriktige renter på gjelda og vart derfor òg dømd for skattesvik.

Kontaktperson i Økokrim: Konstituert førstestatsadvokat Marianne Djupesland, tlf. 91 11 54 60. Anken i Økokrim si «Fjellanlegg-sak» forkasta av Høgsterett.

I den såkalla «Fjellanlegg-saka» blei ein mann i lagmannsretten dømd til fengsel i fire år for grovt bedrageri mot Tromsø kommune. Mannen anka dommen, prinsipalt over saksbehandlinga og lovbruken, subsidiært straffutmålinga. Høgsterett har forkasta anken. Dommen er dermed rettskraftig.

To år av straffa er på vilkår. I tillegg til fengselsstraffa vart mannen for alltid frådømd retten til å drive forretningsverksemd, anten som styreleiar eller som dagleg leiar i eit selskap.

«Fjellanlegg-saka» har sitt utspring i ein avtale Tromsø kommune gjorde i 2001 om å overta eigedelar og gjeld i Trygg Parkering AS – eit aksjeselskap som dreiv eit parkeringsanlegg i fjellet i Tromsø by. Den dømde mannen var styreleiar og i praksis dagleg leiar i selskapet. I samband med overtakinga av Fjellanlegget vart kommunen påverka til å tru at gjelda i selskapet var større enn ho var. Dermed utbetalte kommunen eit for høgt beløp til å dekkje gjelda.

I tillegg til grovt bedrageri for i overkant av 20 millionar kroner vart mannen dømd for grov økonomisk utruskap mot selskapet Trygg Parkering AS, fordi han mellom anna ikkje hadde betalt vederlag for 114 parkeringsplassar. Dommen gjeld dessutan brot på rekneskapslova ved at feilaktige gjeldspostar vart førde opp i rekneskapen. Mannen kravde frådrag i sjølvmeldinga for uriktige renter på gjelda og vart derfor òg dømd for skattesvik.

Kontaktperson i Økokrim: Konstituert førstestatsadvokat Marianne Djupesland, tlf. 91 11 54 60.