• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Bot for ulovleg bygging i strandsona

Sist oppdatert 11.01.2011

Høgsterett har forkasta anken frå ein mann frå Søgne om ulovleg terrenginngrep i strandsona. Bota på ein halv million kroner frå lagmannsretten blir dermed ståande.

Mannen sprengde blant anna 2000 m3 fast fjell der minst 75 prosent er trudd å liggje utanfor byggjeløyve.

I dommen heiter det at ”i saker om miljøkriminalitet må det av allmennpreventive grunner reageres strengt (…) For å unngå at boten bare blir en mindre post i byggeregnskapet, bør botens størrelse primært avpasses etter overtredelsens omfang og hvor store beløp som er investert i det ulovlige tiltaket”. Høgsterett seier også at utviklinga på miljøområdet ”viser at lovgiveren - ikke minst på grunn av en erkjennelse av det økende behovet for å verne miljøet - har vedtatt stadig strengere straffebestemmelser”.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, tlf. 916 46 013.