Bot og fengsel for ulovleg røyrgate

Sist oppdatert 28.10.2010

I ei ØKOKRIM-sak har Frostating lagmannsrett dømt ein mann til ei bot på 50 000 kroner og ein annan mann til 45 dagar i fengsel for brot på vatnressurslova. Dermed er dommen frå tingretten skjerpa.

Det var ved ei kraftutbygging i Sør-Trøndelag i 2006 - 2007 at den som var eigar og dagleg leiar i selskapet som stod for utbygginga, bygde ei 1400 meter lang nedgravd røyrgate heilt frå fjellet og ned til fjorden. I konsesjonen var det bestemt at vatnet skulle førast i tunnel gjennom fjellet. Tunnelløysinga ville berre vere synleg ved inntak og uttak, mens røyrgata gjorde eit omfattande inngrep i terrenget. Det handla mellom anna om irreversible inngrep som sprenging og total omkalfatring av jordmassane, som har ført til varige endringar i naturen i røyrgata. Bredda på røyrgata var 20 - 45 meter. Det vart også sett opp ein kraftstasjonsbygning på 96 kvadratmeter som det ikkje var søkt om. Lagmannsretten seier at den måten mannen gjekk fram på er med på å undergrave konsesjonssystemet, og dømte han til 45 dagar i fengsel.

Ein annan mann, som var innleigd i prosjektet som byggeleiar, blei dømt for medverknad, og fekk 50 000 kroner i bot. Lagmannsretten fann at det var uaktsamt av mannen at han ikkje gjorde seg kjend med innhaldet i konsesjonen. Dommen slår fast at entreprenørar og andre som ein utbyggjar engasjerer i eit utbyggingsprosjekt, har eit sjølvstendig ansvar for at regelverk og styresmaktene sine vedtak vert følgde.

Dette er fyrste sak av denne typen etter vatnressurslova. ØKOKRIM ser alvorleg på lovbrot som inneber omfattande og synlege inngrep i naturen.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Aud Slettemoen, tlf.488 87 972