• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Bot på fem millionar for skattesvik

Sist oppdatert 03.02.2016

I ei ØKOKRIM-sak har Kristiansand tingrett dømt Siem Offshore Inc til å betale ei bot på fem millionar kroner for å ha forsømt å levere sjølvmelding og føre rekneskapar for skattepliktig verksemd på norsk sokkel i åra 2005-2007. Dagleg leiar blei frifunne for å ha medverka til at selskapet ikkje leverte sjølvmelding.

2006 og 2007-sjølvmeldingane for selskapet blei levert hausten 2008, som ei følgje av at Skatteetaten via tredjepart fann ut at selskapet dreiv verksemd som var skattepliktig til Noreg. 2005 - sjølvmeldinga blei først levert hausten 2010.

Selskapet er og dømt til inndraging av 300 000 kroner, som svarer til innsparinga for ein garanti som skulle vore stilt overfor norske skattestyresmakter i samband med at selskapet ein periode trekte verksemda ut av norsk skatteområde.   

Retten har teke utgangspunkt i at den manglande innleveringa av sjølvmeldinga kunne ha leidd til unndraging av ein betydeleg sum i skatt dersom tilhøvet ikkje var blitt avdekt av Skatteetaten. Det er vist til at skattesumen for åra 2005 til 2007 blei fastsett til 45 millionar kroner, og retten har funne at sterke allmennpreventive omsyn talar for straff for selskapet. 

Dagleg leiar blei frifunne for å ha medverka til skattesviket.

Dommen er ikkje rettskraftig.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Andreas Schei, tlf. 909 91 643.