• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Bot til departement for aktlaus handsaming av innsideinformasjon

Sist oppdatert 27.03.2015

ØKOKRIM har gitt Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet ei bot på 1,4 millionar kroner for brot på verdipapirhandellova. Bota er vedteke.

Til grunn for bota ligg at "Faggruppa for grøne løyve", som blei nedsett av Nærings- og fiskeridepartementet for å fordele oppdrettskonsesjonar i Troms og Finnmark, ikkje handsama innsideinformasjon om desse løyva aktsamt. Opplysningar om tildeling av løyve blei vidareformidla til selskap som hadde fått avslag på søknaden sin sjølv om det ikkje var grunnar som sa at dei skulle ha slik informasjon før offentlegheita. Dermed blei det også skapt ein unødvendig ekstra risiko for misbruk av innsideinformasjonen.

Verdipapirhandellova § 3-4 pålegg kvar og ein som har innsideinformasjon å handsame den aktsamt, slik at den ikkje kjem til uvedkomande. Dette er ei sentral føresegn for å hindre marknadsmisbruk. ØKOKRIM ser alvorleg på brot på denne plikta.

Til grunn for både utferdinga av bota og storleiken ligg mellom anna at innsideinformasjonen blei sendt til eit monaleg tal uvedkomande, og at denne feilen med enkle midlar kunne ha vore unngått. Det må også seiast at dei involverte har samarbeidt godt i etterforskinga.

Kontaktperson i ØKOKRIM:statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157.