• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Bot til kommune for å ha skadd kulturminne

Sist oppdatert 25.11.2014

ØKOKRIM har gitt Tønsberg kommune ei bot på to millionar kroner for å ha skadd freda kulturminne.

Skaden skjedde ved at kommunen utførde større gravetiltak nær Oseberghaugen og i kulturmiljøet til gravhaugen i Slagendalen. Gravinga vart gjort utan løyve frå fylkeskommunen. Oseberghaugen er eit unikt kulturminne og ligg i eit kulturmiljø av nasjonal og internasjonal verdi. Området gravetiltaket har funne stad inngår i området som er søkt verna som verdsarv og det blei gjort uoppretteleg skade under gravinga.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Inge Svae-Grotli, tlf.976 67 043