Bot til Norconsult for grov korrupsjon i Tanzania

Sist oppdatert 16.10.2012

I ei ØKOKRIM-sak har Borgarting lagmannsrett ilagt Norconsult ein bot på fire millionar kroner for korrupsjon i samband med eit byggjeprosjekt i Tanzania. Dermed er tingretten sin dom oppheva. Ein tidlegare tilsatt blei frikjend.

 

Saka gjeld korrupsjon i samband med ei samarbeidsavtale med Dar Es Salaam Water and Sewerage Authority (DAWASA) i Tanzania. ØKOKRIM meiner at selskapet saman med to andre utanlandske selskap medverka til å betale rundt 100 000 dollar under bordet til offentlege tenestemenn i Tanzania i perioden 2003 til 2006. I tingretten blei ikkje Norconsult ilagt boten dei no er ilagt av lagmannsretten. To tilsette er fra før rettskraftig dømt for å medverke til korrupsjon.  

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf 916 46 005.