Diverse rapportar frå Økokrim

Sist oppdatert 24.01.2013
 

Rapport om rømt oppdrettsfisk

I februar 2008 kom Riksadvokaten si arbeidsgruppe, leia av Økokrim, med sin rapport om rømt oppdrettsfisk. Rømt oppdrettsfisk er ein trussel mot villfisken. Verdas førekomstar av vill atlantisk laks er redusert med meir enn 80 % dei siste 30 åra. Arten er utrydda frå fleire land, og i Noreg har laksen forsvunne frå rundt 45 vassdrag. Oppdrettsnæringen meldar sjølv at i snitt 560 000 fisk rømmer kvart år. Økokrim har leia arbeidet med rapporten og meiner tallene er dobbelt så store. Uforsvarleg drift og dårlige rutiner ved anlegga er årsak til den omfattande rømminga. Meir aktiv hjelp frå Økokrim til politidistrikta, førebyggjande tiltak og betre samarbeid er nokon av forslaga i rapporten (pdf).

 

Strategisk analyse av Hawala-virksomhet

I 2007 utarbeidde Økokrim ein strategisk analyse av uformelle verdioverføringssystem (UVS), såkalla Hawala-virksomhet, i Noreg. Les rapporten her (pdf).