• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømt for fiktiv fakturering av fem millionar kroner

Sist oppdatert 26.06.2015

I ei ØKOKRIM-sak er ein mann dømt til fengsel i eitt år og to månader for medverknad til grov utruskap på rundt fem millionar kroner og medverknad til unndraging av momsavgift på rundt 700 000 kroner. Han må og tole inndraging av 250 000 kroner.

Mannen skal ha laga fiktive fakturaer i 2012 - 2013 retta til ei verksemd i restaurantbransjen og slik hjelpt ein annan til å tappe verksemda for rundt fem millionar kroner og til å lure unna rundt 700 000 kroner i momsavgifter.

Saka er ein del av eit større sakskompleks retta mot restaurantbransjen i Oslo.

Dommen er ikkje rettskraftig.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Jens H. Bachke, tlf 959 98 403