• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømt for grov korrupsjon i Tanzania

Sist oppdatert 08.08.2011

I ei ØKOKRIM-sak dømte Oslo tingrett den 15. juli tre tidlegare prosjekttilsette i Norconsult for korrupsjon i samband med eit byggjeprosjekt i Tanzania. Selskapet blei frikjend.

Norconsult og dei tidlegare tilsette var tiltalt for korrupsjon i samband med ei samarbeidsavtale med Dar Es Salaam Water and Sewerage Authority (DAWASA) i Tanzania. ØKOKRIM meinte at selskapet betalte rundt ein million kroner under bordet til offentlege tenestemenn i Tanzania i perioden 2003 til 2006. Tre tilsette i Norconsult ble dømt for tilhøvet, medan selskapet sleppar bot på fire millionar kroner.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf. 916 46 005