• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømt for grovt skattesvik

Sist oppdatert 06.09.2012

I ei ØKOKRIM-sak har Høgsterett dømt ein tidlegare administrerande direktør til fengsel i fire månader for grovt skattesvik. Seksti dagar av dommen er på vilkår. Dermed er dommen frå lagmannsretten redusert med ein månad.

I den påanka dommen hadde lagmannsretten i formildande retning lagt stor vekt på at domfelte melde til skattestyresmakta fleire og dei mest omfattande av skattesvika han hadde gjort seg skuldig i, og såleis kvalifiserte til skatteamnesti. ØKOKRIM ønskte å få ei avklaring i Høgsterett på kor stor verknad ei slik innmelding skal ha i straffesaka. Høgsterett har no konkludert med at det har stor vekt for straffutmålinga at nokon oppfyller vilkåra for skatteamnesti. I tråd med dette utsette Høgsterett fastsettinga av straff for dei forholda som vart omfatta av søknaden om skatteamnesti.

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Henrik Horn, tlf 916 84 157