Dømt for kreditorunndraging

Sist oppdatert 01.03.2012

I ei ØKOKRIM-sak har Høgsterett halde oppe straffa for ein mann som i lagmannsretten blei dømt til fengsel i eitt år og åtte månader for mellom anna kreditorunndraging av 2,8 millionar kroner. Mannen blei frifunnen for kvitvasking av pengar.

Mannen dreiv mellom anna med kjøp og sal av fisk. Høgsterett har no halde oppe straffa frå lagmannsretten på fengsel i eitt år og åtte månader for kreditorunndraging av 2,8 millionar kroner, trygdebedrageri og brot på rekneskapslova. Han blei også dømt til tap av retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd for alltid, men frifunnen for kvitvasking etter str. § 317 annet ledd (at ein sjølv prøver å skjule kor utbytte stammar frå).

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Henrik Horn, tlf 916 84 157.