• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømt for sjølvvask

Sist oppdatert 21.05.2013

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett dømt ein mann til fengsel i tre og eit halvt år for såkalla sjølvvask. Tre andre personar blei dømt til fengsel for å ha medverka til dei kriminelle handlingane.

Hovudmannen er funnen skuldig i å ha sikra utbytte frå sine eigne straffbare handlingar i 2009 og 2010. Vaskinga skjedde ved veksling og kontantinnskot av nær 17,5 millionar kroner. Han blei av Oslo tingrett dømt til fengsel i tre og ei halvt år, i tillegg til inndraging av 17,5 millionar kroner. Dei tre medtiltalte fekk høvesvis to år og to månader, eitt år og to månader og eitt år og fire månader i fengsel, der halve tida er på vilkår.

Tiltalen heldt det ope om pengane som blei vaska stamma frå andre sine eller hovudmannen sine straffbare handlingar, men tingretten fann det provet at midlane stamma frå hans eigne kreditorunndragingar og skattesvik.

Straffa for hovudmannen er den strengaste som er gitt for sjølvvasking.

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Håvard Kampen, tlf. 954 40 968