Dømt til fengsel og bot for grovt skattesvik

Sist oppdatert 27.06.2011

I ei ØKOKRIM-sak har Borgarting lagmannsrett dømt ein investor for skattesvik på om lag 5 millionar kroner. Etter å ha anka blei han dømt til fengsel i to år og ein månad, i tillegg til at bota på 1,5 millionar kroner frå tingretten blei heldt ved lag.

Investoren unnlét å føre opp inntekt på til saman om lag 18 millionar kroner. Pengane kom frå eit selskap registrert på British Virgin Island, og blei sette inn på ein konto i Singapore. Slik drog han unna skatt for om lag 5 millionar kroner. Lagmannsretten la i skjerpande retning vekt på at handlinga blei utført på ein måte som gjorde henne særleg vanskeleg å oppdaga. Retten meinte at det var viktig av allmennpreventive omsyn å reagere med ei bot i tillegg til fengselsstraffa, og at ein hadde teke tilstrekkeleg omsyn til økonomien til den domfelte.

Tidlegare er seks andre dømt til fengselsstraff i det same sakskomplekset.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758.