Dømt til fengsel i innsidesak

Sist oppdatert 11.06.2010

I ei ØKOKRIM - sak har Borgarting lagmannsrett dømt tre personar for misbruk av innsideinformasjon i framkant av tre selskapshendingar hausten 2005. To av dei domfelte fekk ei straff av fengsel i ti månader, mens den tredje blei dømt til fengsel i åtte månader. Endringa frå dommen i tingretten er at straffene no er på vilkår.

I dommen heiter det mellom anna at ”alvoret i (tiltaltes) handlinger kan, bortsett fra tidsforløpet, tale for å øke straffen noe” men at ”saken har hatt en usedvanlig utvikling som har medført at behandlingstiden er blitt lang.” Lagmannsretten har derfor avgjort at straffene skal vera på vilkår.

Fyrstestatsadvokat Thomas Skjelbred i ØKOKRIM seier at ”oppgåva til ØKOKRIM er mellom anna å sikre tilliten til verdipapirmarknaden. Høgsterett har tidlegare uttalt at verdipapirkriminalitet skal straffast med ubetinga fengsel og denne dommen speglar ikkje dette. Vi vil derfor anke dommen.”

Kontaktperson i ØKOKRIM: fyrstestatsadvokat Thomas Skjelbred, telefon 915 95 376.