• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømt til fengsel og bot for grovt skattesvik

Sist oppdatert 26.10.2010

I ei tilståingssak frå ØKOKRIM har Kongsberg tingrett dømt ein mann til fengsel i to år og seks månader for grovt skattesvik. Han er i tillegg gitt ei bot på 1,5 millionar kroner.

Tidlegare er seks andre menn dømde til fengselsstraff i same sakskompleks.

Mannen hadde forsømt å føre opp inntekt med til saman ca. 18 millionar kroner, og lurde dermed unna skatt for ca. 5 millionar kroner. Retten la til grunn at riktig straff for tilhøvet ville utgjort tre års vilkårslaus fengsel utan tilståingsrabatt. Fleire av dei som tidlegare er dømde i same sakskompleks er også gitt tilleggsskatt. Retten kom til at omsynet til lik handsaming i nærverande sak tilsa at det blei gitt ei bot tilsvarande 30 prosent tilleggsskatt i tillegg til fengselsstraff.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758.