Fengsel for bilsvindel

Sist oppdatert 28.11.2011

I ei ØKOKRIM-sak er ein mann dømd til eitt og ei halvt år i fengsel for bedrageri i samband med sal av sju luksusbilar for nær ni millionar kroner i 2005. Mannen har tilstått tilhøva.

Mannen må i tillegg betale erstatning på ca 750 000 kroner og må tole inndraging av 435 000 kroner. Fleire finansieringsselskap blei lurt til å betale høge lån i samband med kjøp og sal av dyre bilar som blei gjort av den domfelte og ein forretningspartnar. Bedragerisaka mot forretningspartnaren kjem opp for retten i april 2012.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Geir Kavlie, tlf. 410 24 592.