Fengsel for dagleg leiar i Vest Tank-saka

Sist oppdatert 31.05.2011

Tidlegare dagleg leiar i selskapet Vest Tank AS (no Alexela Sløvåg AS) er av Gulating lagmannsrett dømt til fengsel i eit og eit halvt år for miljøkriminalitet. Ein tidlegare rådgivar innan kjemi blei frifunnen.

Selskapet har tidlegare vedteke ei bot på to millionar kronar for brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova. Den tidlegare styreleiaren i selskapet var sjukmeld og får saka si opp neste år.

Det var i mai 2007 at to tankar eksploderte på selskapet sitt anlegg i Gulen. Folk på anlegget var i livsfare. I tillegg medførte eksplosjonen helsefarleg utslepp som førte til mellom anna kraftige betennelsesreaksjonar på slimhinner, kvalme og hovudpine for personar som opphaldt seg i nærleiken av bedrifta. 

Dagleg leiar blei dømt etter alle tiltalepunkta, som gjaldt fleire brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova. Under straffutmålinga uttaler lagmannsretten mellom anna: "I denne saka tilseier allmenne omsyn ein streng reaksjon. Den gjeld uløyves og uforsvarleg drift av eit anlegg med stort potensiale for alvorleg forureining og fare for liv og helse for arbeidstakarar og folk i grannelaga" og "Etter lagmannsretten sitt syn prioriterte" dagleg leiar omsynet til å utvikla drifta i Vest Tank AS, for å kunna få til gode økonomiske resultat, framfor omsynet til forsvarleg drift ved anlegget i Sløvåg." 

Rådgivaren,som var tiltalt for brot av eitt tilfelle av forureiningslova ved å ha gitt råd til reinseprosessen som førde til eksplosjonen, blei frifunne under dissens. To av retten sine dommarar meinte han skulle dømmast. Retten sitt fleirtal la mellom anna vekt på at han ikkje hadde brukt mykje ressursar på oppdraget medan mindretalet meinte han hadde opptrådt grovt aktlaust ved å laga eit opplegg for nøytralisering av væska innafor eit fagområde som han ikkje hadde kompetanse på.    

Kontaktperson i ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, tlf. 916 46 013