Fengsel for grov økonomisk utruskap og kvitvasking

Sist oppdatert 13.01.2015

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett dømt ein mann til fengsel i fire år for grov økonomisk utruskap og sjølvvask (kvitvasking av utbytte fra eigne straffbare handlingar). Utruskapen omfattar uberettigede overføringer av til saman cirka 6 millionar USD frå eitt riggselskap der tiltalte var styreleiar.

Mannen er og dømt for brot på meirverdiavgiftslova, bokføringslova og likningslova i samband med eit anna selskap der han var styreleiar og dagleg leiar. Domfelte må og betale erstatning til selskapet på 6 millionar USD og sakskostnadar på 100 000 kroner. Han blei frifunne for brot på aksjelova og eit tilfelle av brot på likningslova.

I dommen heiter det at «tiltalte har misbrukt den tillit han hadde i kraft av sitt styreverv i selskapet. For aksjemarkedet er det av grunnleggende betydning at tillitsmenn i slike selskap er seg sitt styreansvar bevisst. Det samme gjelder i forhold til långivere. Allmennpreventive hensyn tilsier derfor streng reaksjon overfor den type alvorlig tillitsbrudd som det her er tale om.»

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik, tlf 415 55 909.