• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Fengsel for grovt heleri

Sist oppdatert 20.03.2009

I ei Økokrim-sak har Hedmarken tingrett dømd ein mann til fengsel utan vilkår i seks månader for grovt heleri og momslovbrot på totalt ca. 1,5 millionar kroner. Mannen blei og ilagd rettstap, ei bot på 5000 kroner og inndraging av utbyttet frå handlingane.

Mannen skreiv under på at han hadde motteke til saman ca 1, 5 millionar kroner i kontantar i samsvar med fakturaer frå selskap i bygg- og anleggsbransjen der han var registrert som dagleg leiar (selskapa var registrert som såkalla NUF - norsk avdeling av utanlandsk føretak). Den dømde hadde likevel ikkje motteke pengane. Kvitteringane og fakturaene blei nytta til merverdiavgiftsbedrageri og utruskap i selskapet som mottok fakturaene, medan den dømde mottok mindre beløp som godtgjering for underskrifta sine. I tillegg blei han dømd for manglande innsending av omsetjingsmelding for selskapa. Mannen hadde tilstått forholda, noe som ble lagt stor vekt på ved straffeutmålinga.

Tre andre sikta i saka blir framleis etterforska. Denne dommen er ein av fleire dommer i Økokrim-saker når det gjeld slik kriminalitet i bygg- og anleggsbransjen, der denne framferda er velkjend: Entreprenører gjer handverkerane «svart» løn med kontante uttak frå banken og dekkjer løna opp i rekneskapet med kvitteringar og fakturaer (inklusive merverdiavgift) frå fiktive «underleverandørar». Nylig blei mellom anna tre personar i ei anna Økokrim-sak i lagmannsretten kvar dømd til fengsel i 1 år og 4 månader for same type tilhøve I den saka blei i tillegg «hovudmannen» dømd til fengsel i 2 år og 9 månader. Alle blei dømd til å tole inndraging av utbyttet dei hadde hatt ved handlingane.

Etter Økokrim si meining sender desse dommane eit klårt signal til dei som er lokka til å gjere det same, nemleg signalet om at og dei som «berre» medverkar til å sikre andres utbytte risikerer omfattande fengselsstraffar og inndragingskrav.

Kontaktperson i Økokrim: Førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf 916 46 017.