• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Fengsel for grovt skattesvik

Sist oppdatert 07.05.2012

I ei ØKOKRIM-sak har Borgarting lagmannsrett dømt ein tidlegare administrerande direktør til fengsel i fem månader for grovt skattesvik.

Nitti dagar av dommen er på vilkår. Dermed er dommen frå tingretten redusert med ti månader. Domfelte, som er tidlegare leiar i eit større norsk teknologiselskap, har tilstått tilhøva.

Over ein periode på fem år fekk domfelte - som opererte saman med ein annan leiande tilsett i konsernet - gevinstar frå aksjetransaksjonar i hovudsakleg norske selskap. Transaksjonane blei gjennomførde gjennom utanlandske banker.

Lagmannsretten har lagt betydeleg vekt på at domfelte melde inn skattesviket til skattestyresmakta. ØKOKRIM ankar saka for å få avklaring på nokre prinsipielle spørsmål knytte til lagmannsretten sine utsegner om dette. Særskild gjeld det kva for konsekvensar det skal ha for straffutmålinga at domfelte kan ha vore kvalifisert for skatteamnesti.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Jul Fredrik Kaltenborn, tlf. 984 07 165.