Fengsel for investeringsbedrageri

Sist oppdatert 20.12.2010

I ei ØKOKRIM-sak har Borgarting lagmannsrett dømt to menn til fengselsstraffer på høvesvis fem år og to og ei halvt år. Dommen gjeld ei rekkje investeringsbedrageri i såkalla høyavkastningsprogram i perioden 2003 til 2007.

Den eine er dømd for å ha lurt forskjellige personar for til saman ca. 23 millionar kroner og den andre for å ha lurt for til saman ca. 4 millionar kroner. Nokre av bedrageria blei utførd i fellesskap.

Dei to må tole inndraging av utbytte på høvesvis ca. 8,4 og 1,3 millionar kroner. I tillegg er dei dømde til å betale erstatning til fornærma med høvesvis ca. 10 og 1,2 millionar kroner

Kontaktperson i ØKOKRIM: Politiadvokat Helene Bærug Hansen tlf.938 03 380.