Fengsel for kvitvasking

Sist oppdatert 22.12.2010

I ei ØKOKRIM-sak har Fjordane tingrett dømt ein mann og ei kvinne til fengsel i høvesvis to år og 120 dagar for kvitvasking av pengar.

Mannen, som har drive med kjøp og sal av fisk, er i tillegg dømt til tap av retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd for all framtid. Han overførde 4,5 millionar kroner til kvinna sin konto trass i at pengane var utbytte frå straffbare handlingar han sjølv hadde utført. Dommen mot kvinna er på vilkår, men ho må betale 10 000 kroner i bot i tillegg.

Mannen er i tillegg dømt for sjølvvask av 1,3 millionar kroner, kreditorunndraging, bedrageri av NAV og for manglande rekneskapsføring.   

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle, tlf 928 06 758.