Fengsel for kvitvasking i byggjebransjen

Sist oppdatert 25.08.2010

I ei ØKOKRIM-sak har Borgarting lagmannsrett forkasta anken over straffutmålinga frå domfelte. Dermed blir straffa frå tingretten på fengsel i to år og fire månader for kvitvasking av straffbart utbyte på minst 10 millionar kroner ståande.

Mannen blei og frådømd retten til å drive næringsverksemd i fem år. Denne dommen er ein av fleire dommar i ØKOKRIM-saker når den gjelda slik kriminalitet i bygg- og anleggsbransjen, der denne framferda er velkjent: Entreprenører gjer handverkerane «svart» løn med kontante uttak frå banken og dekkjer lønna opp i rekneskapen med kvitteringar og fakturaer (inklusive meirverdiavgift) frå fiktive «underleverandørar». Lagmannsretten legg til grunn at dette er organisert kriminell verksemd som det må reagerast strengt mot.

Etter ØKOKRIM si meining sender desse dommane eit klart signal om at og dei som «berre» medverkar til å sikre andre sitt utbyte risikerer omfattande fengselsstraffar og inndragingskrav.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758.