Fengsel for sjølvvask av pengar

Sist oppdatert 31.10.2011

I ei ØKOKRIM-sak har Gulating lagmannsrett dømt ein mann til fengsel i eit år og åtte månader for mellom anna å ha halde unna pengar frå kreditorar og for sjølvvask av pengar.

Mannen, som har drive med kjøp og sal av akkar, er dømt for kreditorunndraging på 2,8 millionar kroner, sjølvvask (at ein sjølv prøver å skjuler kor utbytte stammar frå) av 450.000 kroner, trygdebedrageri og brot på rekneskapslova. Han blei dømt til tap av retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd for alltid.

Mannen overførde 4,5 millionar kroner til kona sin konto trass i at pengane var utbytte frå straffbare handlingar han sjølv hadde utført. Tidlegare er den domfelte si kone dømt til fengsel på vilkår i 120 dagar og til 10 000 kroner i bot for kvitvasking etter å ha motteke desse pengane på sin konto. 

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758.