• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Fengsel for ulovleg jakt mot vilt

Sist oppdatert 13.03.2015

I ei ØKOKRIM-sak er ein Trysilmann dømt til fengsel i sju månader for å ha jakta på raudrev og grevling ved bruk av hund, der hundane med føremål skal ha blitt sloppen laus for å hetse og angripe viltet. Domfelte har og mista retten til å drive jakt og fangst i fem år. I tillegg er han frådømt retten til å halde og bruke hund på jakt i fem år. Det er første gong nokon er frådømt ein slik rett i Noreg.

Domfelte blei og dømt for å ha lånt ut hundar med det føremål at hundane skulle jage, hetse og avlive ein innfanga katt ved å jage og bite den i hel med hundehaldarane som tilskodarar. Trysilmannen, som i 2009 blei dømt for ulovleg felling av bjørn der hund også ble nytta i jakten, blei no dømt for grove brudd på naturmangfoldloven, viltloven, dyrevelferdsloven, hundeloven og våpenloven. Saka har sitt utspring i den såkalla "ulvesaka".

I dommen heiter det mellom anna at tiltalte «har over tid vist et vedvarende forbrytersk forsett» og at «det er ingen tvil om at tiltaltes jaktmetoder og jaktholdninger viser en ukultur som ikke er forenlig med forsvarlig dyrevelferd». Vidare skriv tingretten at "Det er langvarig tradisjon for jakt i Norge…. Derfor er det viktig at domstolen sender et signal om at det reageres besluttsomt på brudd på regler om jakt og dyrevelferd».

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Inge Svae-Grotli, tlf 976 67 043.