Fengsel og bot for grovt skattesvik

Sist oppdatert 08.11.2011

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett dømt ein mann til fengsel i to år og fem månader og ei bot på 1,7 millionar kroner for grovt skattesvik.

Mannen opplyste mellom anna ikkje om inntekt på over 20 millionar kroner i sjølvmeldingane for 2000 og 2001, slik at han til saman lurte unna nær seks millionar kroner i skatt.Mannen sørgde óg for at det i ei anna si sjølvmelding blei opplyst at denne hadde hatt eit tap ved sal av verdipapir på 1,8 millionar kroner som denne kravde frådrag for. Dette gjorde han trass i at denne personen ikkje hadde hatt slikt tap.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle: tlf 928 06 758.