Fengsel og inndraging for obligasjonshandel

Sist oppdatert 10.01.2013

I ei ØKOKRIM-sak har Gulating lagmannsrett dømt ein administrerande direktør til å tåle inndraging av 50 000 kroner for ulovleg innsidehandel med obligasjonar. Retten heldt elles dommen på fengsel på vilkår oppe.

Lagmannsretten la til grunn at 50 000 kroner var utbyte domfelte hadde tent på straffbar innsidehandel med obligasjonar og slo fast at desse pengane måtte konfiskerast. Elles heldt lagmannsretten oppe tingretten sin dom på fengsel på vilkår i 30 dagar for innsidehandelen. Domfelte var på tidspunktet for handlinga administrerande direktør i selskapet han blei dømt for å ha handla obligasjonar i.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Jul Fredrik Kaltenborn, tlf 984 07 165.