• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Fengsel og inndraging i samband med eksport av tørrfisk

Sist oppdatert 22.05.2012

I ei ØKOKRIM-sak er ein mann av Oslo tingrett dømt til seks månader i fengsel for brot på tollova og for grov utruskap mot selskapet han leidde. Han er samstundes idømt 200 000 kroner i inndraging. Selskapet er idømt bot og inndraging med til saman 1,2 millionar kroner. Saka gjeld mellom anna eksport av tørrfisk til Nigeria.

I perioden 2008-2009 la domfelte fram uriktige fakturaer og legitimasjonsdokument for tollvesenet i samband med 15 sendingar av tørrfisk og tørrfiskhovud til Nigeria med ein samla verdi på cirka 22 millionar kroner. Det blei gitt uriktige opplysningar om varetype og verdi. På denne måten blei det unndrege eksportavgift i Noreg. I tillegg har uriktige dokument som blei skrive i samband med eksportane medført potensiale for store tollunndragingar i Nigeria. Mannen har tilstått tilhøva. 90 dagar av straffen er på vilkår.

Saka er eit av fleire lovbrot som blei avdekka gjennom ein samordna aksjon mellom Fiskeridirektoratet, Skatteetaten, Tollvesenet og ØKOKRIM. To personar er dømt og to verksemder har vedteke førelegg i tilsvarande saker.

Domfelte er i tillegg dømt for grov utruskap mot selskapet han leidde, ved å overføre 200 000 kroner frå ein bankkonto tilhøyrande selskapet til ein person som oppgjer for eit privat lån.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Åsne Hana Torgersen, tlf 488 87 962