Fengselsstraff for grov utruskap

Sist oppdatert 22.02.2011

I ei ØKOKRIM-sak har Høgsterett dømt ein finansmann til fengsel i tre og ei halvt år for grov utruskap på rundt 50 millionar kroner samt skattesvik. To og eit halvt år av straffa er på vilkår. Mannen må og tole inndraging på 30 millionar kroner.

Mannen er tidlegare styreleiar i eit finanskonsern i Oslo. I 2000 sørgde han for ei grunnlaus overføring av ca.50 millionar kroner i strid med selskapet sine interesser. Overføringa var knytt til eit selskap i Gibraltar der den domfelte var reell eigar. Inndraginga på 30 millionar kroner er ei dobling samanlikna med lagmannsretten sin dom.

Dei straffbare forholda låg langt tilbake i tid. Høgsterett fann likevel at det er klare grenser for i kva grad domfelte kan godskrivast ei lang saksbehandlingstid som primært skuldast at han har nytta seg av selskapsstrukturar som har komplisert etterforskinga.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Marianne Steensen Bender, tlf. 902 04 300.