• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Førelegg for brot på teie- og listeføringsplikta

Sist oppdatert 08.04.2014

ØKOKRIM har gjeve eit førelegg på 1 million kroner til eit børsnotert selskap for brot på teieplikta og listeføringsplikta i 2012. Teieplikta vart broten ved at innsideinformasjon vart gjeven til ein storaksjonær som også stod oppførd som primærinnsidar i selskapet. Selskapet har vedteke førelegget.

ØKOKRIM ser alvorleg på lovbrota. Børsnoterte selskap har ei streng plikt til å handtere innsideinformasjon på ein forsvarleg måte, og loven krev ei konkret vurdering av om mottakaren av innsideinformasjonen er rette vedkomande i kvart einskilde høve. Loven gir ikkje noko generelt unntak frå teieplikta til selskapet overfor primærinnsidarar.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Politiadvokat Jul Fredrik Kaltenborn, tlf. 984 07 165