Førelegg til Eitzen Chemical ASA for mangelfull listeføring

Sist oppdatert 16.08.2012

ØKOKRIM har gitt Eitzen Chemical eit førelegg på 75 000 kroner for mangelfull føring av innsideliste og for at selskapet forsømte å sende fullstendig innsideliste på førespurnad frå Finanstilsynet i samband med ein emisjon i selskapet i april 2011. Førelegget er vedteke.

Alle børsnoterte føretak har plikt til å føre liste over dei personane som har tilgang til innsideinformasjon. Selskapa har vidare ei plikt til å sende desse listene til Finanstilsynet på tilsynet sin førespurnad. Føring av innsidelister er ei viktig plikt som hjelper til å redusere spreiing og hindre misbruk av slik informasjon. Riktige innsidelister er også viktig for kontrollformål. Dei hjelper til å auke sjansen for å avdekkje innsidehandel. Samla hjelper korrekt listeføring til at tilliten til marknaden blir bevard.

I samband med emisjonen i Eitzen Chemical i april 2011 forsømte selskapet å føre opp personar frå ein av rådgivarane på selskapet si innsideliste. Vidare forsømte selskapet, trass i fleire oppmodingar frå Finanstilsynet, å sende ei fullstendig innsideliste som inkluderte personar i verdipapirføretaket som bistod i emisjonen. Dette sjølv om verdipapirføretaket hadde utarbeidt ei slik liste.

Eitzen Chemical har i etterforskinga samarbeidt med ØKOKRIM. Ved fastsetjing av boten er det teke omsyn båe til lovbrotet sitt omfang og selskapet sin økonomi.

ØKOKRIM ser alvorleg på brot på plikta til å føre innsidelister, og vil også i framtida søkje å sanksjonere denne typen brot strengt.

Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157