• Den sentrale enhet for etterforsking og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet
RSS  |  
English  |  
Kontrast  |  
A A A

Førelegg for brot på teieplikt

Sist oppdatert 01/10/2010

ØKOKRIM har gitt ein fondsforvaltar eit førelegg på 350 000 kroner for brot på teieplikt.

Det var i januar i fjor at forvaltaren blei informert av ein bank om at ein av deira kundar ønskte å kjøpe aksjar i teknologiselskapet Q-Free ASA. Forvaltaren blei spurt om han ville selje dei aksjane fondet eigde i Q-Free ASA. Trass i at han hadde innsideinformasjon om dette kjøpet, skal han same dag ha formidla desse opplysningane til styreleiar og administrerande direktør i Q-Free ASA. 

Mannen har bestemt seg for ikkje å vedta førelegget.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157.