Frifunnen for brot på teieplikt

Sist oppdatert 31.01.2011

Ein forvaltar er i Stavanger tingrett frifunnen for brot på teieplikten.

Det var i januar i fjor at forvaltaren blei informert av ein bank om at ein av deira kundar ønskte å kjøpe aksjar i teknologiselskapet Q-free. Forvaltaren blei spurt om han ville selje dei aksjane fondet eigde i Q-Free ASA. Trass i at han hadde innsideinformasjon om dette kjøpet, formidla han same dag desse opplysningane til styreleiar og administrerande direktør i Q-Free ASA. 

ØKOKRIM ankar dommen.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157.