• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Frifunnen for brot på tollova

Sist oppdatert 06.07.2012

I ei ØKOKRIM-sak er eit føretak og ein person frifunne for brot på tollova i samband med eksport av tørrfisk til Nigeria.

I følgje tiltala blei det utstedt uriktige faktura og andre legitimasjonsdokument i samband med eksporten, men Bergen tingrett fann at dei tiltalte ikkje hadde utvist tilstrekkeleg skuld til å kunne dømast.

Det var etter ein samordna aksjon mellom Fiskeridirektoratet, Skatteetaten, Tollvesenet og ØKOKRIM at fleire saker blei etterforska. Til no er tre personar og ei verksemd dømt, og to verksemder har vedteke førelegg i tilsvarande saker.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Åsne Hana Torgersen, tlf 488 87 962