Frifunnen for kvitvasking

Sist oppdatert 27.02.2013

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett frifunne ein mann for kvitvasking av utbytte frå skattesvik i USA.

Saka starta med opplysningar frå amerikanske myndigheiter i 2006. Tidlegare har det amerikanske revisjonsselskapet KPMG og den internasjonale banken Deutsche Bank erkjent å ha medverka til skattesvik på fleire milliardar dollar og gått med på å betale til saman cirka ein milliard dollar til amerikanske myndigheiter. Nordmannen var tiltalt for å ha hjelpt til å sikre utbytte frå desse skattesvika.

Tingretten fann likevel at det ikkje var ført tilstrekkelege prov for at handlingane i USA var straffbare og frifant derfor nordmannen for kvitvasking.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf 916 46 017