Høgsterett: Journalistar har vitneplikt når kjelda er kjend

Sist oppdatert 10.10.2011

Høgsterett har i ei rettsavgjerd avgjort at journalistar har vitneplikt når kjelda er kjend. Dermed må ein nettjournalist vitne i ei ØKOKRIM-sak om marknadsmanipulasjon som skal opp for lagmannsretten neste år.

Nettjournalisten var eit viktig vitne i straffesaka, då ho hadde publisert urette og villeiande opplysningar om eit oljeselskap som ho fekk frå domfelte i saka. Grunnlaget for domfellinga for marknadsmanipulasjon var at dei urette opplysningane blei publisert.

Journalisten hevda at kjeldevernet gav ho rett til ikkje å forklare seg om kontakten med domfelte. Fleirtalet i Høgsterett var ikkje samd i at kjeldevernet gir ein journalist rett til ikkje å forklare seg om kontakten med kjelda når kjelda har stått fram og fortalt at han var kjelde. Omsyna bak kjeldevernet er ikkje til stades når kjelda er kjend. Under slike omstende må ein journalist forklare seg om kontakten ho har hatt med kjelda.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157.