Høgsterett om nettmedium: kjeldevernet gjeld

Sist oppdatert 17.11.2010

Høgsterett har teke ein anke frå ei nettavis om kjeldevern på nett til følgje.

Spørsmålet var om utgivar av ei nettavis kan nekte utlevering av identiteten til ein nettdebattant ved å vise til kjeldevernet. Saka gjaldt ein mann som på ein nettstad opplyste om at han hadde selt eit såkalla ”laust kulturminne”, ein runestein. Hedmark fylkeskommune melde saka som brot på kulturminnelova, for ulovleg å ha eit slikt kulturminne.

Utgivaren av nettstaden blei i lagmannsretten pålagt å levere ut debattanten sin identitet, men den avgjørelsen er no gjort om av Høgsterett.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Tarjei Istad, tlf. 996 24 976.