Utskrift
-
Abonner
Mannen skreiv under på at han hadde motteke til saman ca 1, 5 millionar kroner i kontantar i samsvar med fakturaer frå selskap i bygg- og anleggsbransjen der han var registrert som dagleg leiar (selskapa var registrert som såkalla NUF - norsk avdeling av utanlandsk føretak). Den dømde hadde likevel ikkje motteke pengane. Kvitteringane og fakturaene blei nytta til merverdiavgiftsbedrageri og utruskap i selskapet som mottok fakturaene, medan den dømde mottok mindre beløp som godtgjering for underskrifta sine. I tillegg blei han dømd for manglande innsending av omsetjingsmelding for selskapa. Mannen hadde tilstått forholda, noe som ble lagt stor vekt på ved straffeutmålinga.
Tre andre sikta i saka blir framleis etterforska. Denne dommen er ein av fleire dommer i Økokrim-saker når det gjeld slik kriminalitet i bygg- og anleggsbransjen, der denne framferda er velkjend: Entreprenører gjer handverkerane "svart" løn med kontante uttak frå banken og dekkjer løna opp i rekneskapet med kvitteringar og fakturaer (inklusive merverdiavgift) frå fiktive "underleverandørar". Nylig blei mellom anna tre personar i ei anna Økokrim-sak i lagmannsretten kvar dømd til fengsel i 1 år og 4 månader for same type tilhøve I den saka blei i tillegg "hovudmannen" dømd til fengsel i 2 år og 9 månader. Alle blei dømd til å tole inndraging av utbyttet dei hadde hatt ved handlingane.
Etter Økokrim si meining sender desse dommane eit klårt signal til dei som er lokka til å gjere det same, nemleg signalet om at og dei som "berre" medverkar til å sikre andres utbytte risikerer omfattande fengselsstraffar og inndragingskrav.
Kontaktperson i Økokrim: Førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf 916 46 017.