Skjerpa straff for bedrageri og forureining

Sist oppdatert 10.04.2006

I ei ØKOKRIM-sak har Agder lagmannsrett dømt ein tidlegare bedriftsleiar til fengsel i 3 år utan vilkår for grovt bedrageri, brot på forureiningslova, økonomisk utruskap, falsk forklaring og brot på rekneskapslova.

I tillegg til fengselsstraffa er mannen frådømd retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd i 5 år (som i tingretten) og må tole inndraging av vinning med 4 millionar kroner. I tingretten i mai 2005 vart mannen dømd til fengsel i 2 år og inndraging av 3,5 millionar kroner. Lagmannsretten har dermed auka fengselsstraffa med eitt år, og inndragingssummen vart auka med ein halv million kroner.

Mannen var dagleg leiar, styreformann og majoritetseigar i ei verksemd i Kragerø som dreiv med handtering av avfall. Verksemda hans hadde oppdrag mellom anna for oljeselskap og dreiv med køyring, innsamling og handsaming av spesialavfall (hovudsakleg spillolje og oljeemulsjonar, men òg fotokjemikalium o.a.). Saka starta på bakgrunn av eit anonymt brev. 

Mannen blei dømd for grovt bedrageri (straffelova § 270, jf. § 271) overfor Statens forureiningstilsyn (SFT), idet han hadde misbrukt refusjonsordninga for spillolje. Han hadde sendt oppmodingar om refusjon til Norsk kompetansesenter for avfall og gjenvinning (Norsas) på uriktig grunnlag. Dette førte til at SFT utbetalte til saman ca. 19 millionar kroner og dermed vart påført tap eller fare for tap. Retten finn det bevist at handlingane er forsettlege og at føremålet var å oppnå urettkomen vinning. Mannen blei òg dømd for grovt bedrageri mot fleire kundar, idet han hadde levert spillolje som heldt ein annan kvalitet enn det som vart dokumentert.

Dommen omfattar òg falsk forklaring (straffelova § 166) til SFT. Dessutan blei mannen dømd for brot på forureiningslova § 78 første og andre ledd av di han hadde forureina det lokale kloakknettet og Kilsfjorden med oljehaldig og kjemikaliehaldig vatn. Dette førte til at ein lokal barneskule vart stengt på grunn av utvikling av farleg gass. Vidare vart han i medhald av forureiningslova dømd for levering av farleg avfall saman med spillolja til kundar og ulovleg lagring av spesialavfall. Han vart òg dømd for brot på rekneskapsføresegner, idet han oppgav uriktige opplysningar i selskapet sine årsmeldingar om at verksemda ikkje påverka det ytre miljøet. Dette gjorde han for å skjule ulovlege handlingar. Det er fyrste gong nokon er dømd for denne typen brot på rekneskapslova.

I straffeutmålinga legg retten stor vekt på allmennpreventive omsyn. Retten viser til at saka gjeld langvarige, gjennomtenkte og systematiske brotsverk. 

Saka har vore etterforska av ØKOKRIMs miljøteam og Telemark politidistrikt. 

Kontaktperson: Konstituert førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, tlf. 916 46 013.