Tiltalt for rekneskapsforsømming og skattesvik

Sist oppdatert 06.07.2005

ØKOKRIM har tiltalt ein mann for brot på føresegner i straffelova, rekneskapslova og likningslova.

Tiltalte var tannteknikar og dreiv eit enkeltmannsføretak i Oslo. Saka vart avdekka i samband med Oslo likningskontor sin kontroll av tannteknikarbransjen. Mannen er tiltalt for rekneskapsforsømmingar i perioden 1996-2003, då han hadde ei samla omsetning på ca. 7,5 millionar kroner. Ifølgje tiltalen har han heller ikkje levert sjølvmelding for inntektsåra 1996-2001. Vidare skal han ha levert forseinka sjølvmelding og latt vere å opplyse om inntekter for inntektsåret 2002, sjølv om han dreiv full verksemd og hadde ei næringsinntekt på ca. 800 000 kroner.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Morten Eriksen, tlf. 91 64 60 03.