• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dom om fengselsstraff for revisor vert ståande

Sist oppdatert 24.01.2008

I ei Økokrim-sak har Borgarting lagmannsrett stadfesta dommen om fengsel for ein tidlegare revisor i den såkalla "Bach”- saka. Mannen sin rett til å drive forretningsverksemd vart derimot avgrensa til fem år.

Mannen vart i tingretten dømd til fengsel i to år og åtte månader for å ha medverka til bedrageri for til saman 10 millioner kroner og eit forsøk på bedrageri på 5 millioner kroner. I tillegg vart han dømd for dokumentfalsk. Ved utmålinga av straffa har lagmannsretten lagt vekt på at det er tale om bedragerier av meget store verdiar der dei fornærma har lidt store tap. Vidare har retten lagt vekt på at den domfelde hadde ei sentral rolle ved gjennomføringa av bedrageria. I skjerpande retning er tillagt at dei dokument som er forfalska, er pantedokument som det er viktig at ein kan feste lit til.

I tingretten vart mannen óg for alltid frådømd retten til å drive forretningsverksemd. Det tapet avgrensa lagmannsretten til fem år.

Kontaktperson i Økokrim: Konst. førstestatsadvokat Marianne Djupesland. Tlf 911 15 460.