• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tiltalt for grovt bedrageri og grov utruskap

Sist oppdatert 15.01.2010

ØKOKRIM har tiltalt ein mann for grove bedrageri på ca 21 millionar kroner og grov utruskap på ca 2, 7 millionar kroner. Tiltala gjeld både bedrageri og forsøk på bedrageri, i tillegg til brot på rekneskapslova og korrupsjon.

Bedrageria inkluderer bedrageri mot personar og verksemder, trygdesvindel, brot på merverdiavgiftslova og kredittkortsvindel. Mannen skal dei siste fem åra mellom anna ha brukt falske verdivurderingar på eigedomar til å lure fleire norske bankar til å betale ut lån. Han skal og ha narra fleire kortselskap til å innvilge kredittkort til seg sjølv og kona.

Han er og tiltalt for grov utruskap på nær tre millionar kroner mot fleire verksemder han var dagleg leiar for.

Tiltala gjelder og brot på rekneskapslova og korrupsjon.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Geir Kavlie, tlf 410 24 592.