• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Dømd for hallikverksemd

Sist oppdatert 09.02.2006

Den 1. februar vart ei kvinne dømd til fengsel i 8 månader på vilkår og inndraging av 600 000 kroner for hallikverksemd. Saka starta med ei kvitvaskingsmelding til ØKOKRIM.

I februar 2002 fekk ØKOKRIMs kvitvaskingsteam ei melding om eit kontantinnskot på ca. 1 million kroner i gamle tusenkronesetlar til ein bank. Kontantinnskotet gjaldt kjøp av leilegheit. I budskjemaet vart det oppgitt at heile kjøpesummen var eigenkapital. Kjøparen av leilegheita (den dømde) var trygdetakar. ØKOKRIM fekk mistanke om at pengane stamma frå ulovleg verksemd og at leilegheita dermed var kjøpt for utbytet av ei strafflagd handling.

I juli 2003 tok ØKOKRIM ut tiltale mot to personar i saka. Den andre personen vart dømd i januar 2005. Han vart dømd til fengsel i 8 månader (av dei 4 månader på vilkår) og inndraging av 846 772 kroner for hallikverksemd.

 

Oslo tingrett meiner at kvinna er skuldig etter tiltalen og at ho har handla med forsett. Vidare meiner retten at det å fremje andres prostitusjon er alvorleg og at allmenne omsyn tilseier ein streng reaksjon. I formildande retning peiker retten på at saka er blitt gamal og set difor fengselsstraffa til 8 månader på vilkår. 


Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Lise Gro Pharo, tlf. 415 56 765.