Avgjerd frå Høgsterett i ei prinsipielt viktig miljøsak

Sist oppdatert 03.05.2005

Den 29. april sa Høgsterett dom i ei prinsipielt viktig miljøsak. Ein skogbrukar vart dømd til fengsel i eitt år for ulovleg trehogst i eit naturreservat i Nord-Trøndelag. Åtte månader av fengselsstraffa er på vilkår.

I 2001 snauhogde skogbrukaren eit område som var freda. Skogen i området er klassifisert som boreal (nordleg) regnskog. Hogsten førte mellom anna til at populasjonen av sårbare lavartar i området vart redusert. Mannen var tiltalt både for hogst og for å ha minska den naturlege bestanden av lavartar. Det siste punktet vart han dømd for i lagmannsretten, men frifunnen for i Høgsterett. Det er første gong Høgsterett har dømd nokon for brot på generalklausulen mot miljøkriminalitet  (straffelova § 152 b).
 
Det var statsadvokaten i Trøndelag som tok ut tiltalen i 2003. Sidan overtok ØKOKRIM saka. Skogbrukaren vart først dømd i tingretten, men han anka dommen inn for lagmannsretten.

Kontaktperson i ØKOKRIM er politiadvokat Thomas Skjelbred, telefon 915 95 376.