• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tiltalt for grov korrupsjon i Tanzania

Sist oppdatert 20.11.2009

ØKOKRIM har tiltalt tre tidlegare prosjekttilsette i eit norsk rådgivingsselskap for korrupsjon i samband med eit byggjeprosjekt i Tanzania. I tillegg får selskapet ei bot på fire millionar kroner.

I samband med ei samarbeidsavtale med Dar Es Salaam Water and Sewerage Authority (DAWASA) skal Norconsult ha betalt rundt ein million kroner under bordet til offentlege tenestemenn i Tanzania i perioden 2003 til 2006. Tre tilsette i Norconsult er tiltalt for tilhøvet, ein for heile beløpet og to for mindre delar av beløpet.
 
Selskapet har og fått ei bot på fire millionar kroner for same tilhøve.
 
Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Helene Bærug Hansen, tlf. 938 03 380 / førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf. 916 46 005.